• Bitmynt-logo
  • Kurs   Sel for [hentar] Kjøper for [hentar]
  • EN globus
  • Kontrollpanel
  • Logg inn
  • Logg ut
  • Registrer deg

Generelle vilkår for Bitmynt AS

  1. Alle kundar må vere identifiserte etter krava i kvitvaskingslova med forskrifter. Vi må òg ha informasjon om føremålet med kundeforholdet og anna for å vurdere risikoen for kvitvasking og terrorfinansiering. Kva for informasjon vi samlar inn, og korleis vi handsamar informasjonen, er skildra i personvernvilkåra. Dersom det ikkje er mogleg å utføre tilfredsstillande kundetiltak, til dømes fordi du ikkje vil eller kan dokumentere kven du er, eller kvar midla som inngår i kundeforholdet kjem frå, må vi avvise eller avslutte kundeforholdet.
  2. Brukarkontoen din er personleg, og du må ikkje låne han ut til andre. Bruk eit sikkert passord og hald det for deg sjølv.
  3. Når du handlar med fast kurs hjå Bitmynt AS, dvs. at du avtaler å låse kursen til den som gjeld når du inngår ei avtale om å kjøpe bitcoin, eller du sel bitcoin for ein viss sum norske kroner eller du betaler ei rekning for ein viss sum norske kroner, er avtala bindande for begge partar. Du er forplikta til å betale avtalt sum, og vi er forplikta til å sende deg avtalt sum i norske kroner og bitcoin.
  4. Du kan avtale å kjøpe bitcoin til kursen som gjeld når vi har motteke pengane og sender bitcoin. Då får du gjeldande kurs idet vi har sett og godkjent innbetalinga og kringkastar bitcoin-transaksjonen.
  5. Bitmynt AS genererer sin eigen kurs basert på aktuelle kursar ved utvalde bitcoin-marknader i Europa og USA og på gjeldande vekslingskursar for norske kroner mot EUR og USD. Dersom det oppstår ein feil i grunnlagsdataene våre slik at kursen vert meir enn 5% feil, kan vi korrigere kursen i ettertid. Bitmynt skal i so fall kunne dokumentere kva feilen er, og kva kursen hadde vorte dersom grunnlagsdataene var rette. Kundar som vert råka av dette, skal då ha 1% betre kurs enn det som vart rekna ut opphaveleg.
  6. Bitmynt AS må alltid vite kvar vi skal sende bitcoin før vi kan motta norske kroner frå deg. Dersom vi mottek ei pengeoverføring utan å vite kva avtale dette gjeld, må vi sende pengane i retur til kontonummeret dei kom frå.
  7. Når du kjøper bitcoin av oss, får du fem minutt på deg til å overføre pengane. Vi forventar ikkje at pengane er framme med ein gong, men du må betale innan den fristen slik at pengane går med fyrste overføring mellom bankane etter at handelen er avtalt.
  8. Overfør nøyaktig sum på øret, og bruk rett melding på overføringa.
  9. Pengane skal kome frå din eigen bankkonto. Dersom du skal kjøpe for nokon andre, eller betale med kredittkort, må du overføre pengane til din eigen konto fyrst.
  10. Enkelte av tenestene våre kan ha eigne vilkår som kjem i tillegg til desse. Vi kan òg endre vilkåra på kort varsel. Då får du opp ei melding om endringa når du loggar på nettsidene. Mindre endringar og klårgjeringar som ikkje er reelle endringar i vilkåra, til dømes retting av skrivefeil, vert ikkje annonserte.

Sjå også vilkår for å automatisk selje BTC til oss.

Om oss Nyhende Korleis fungerer det Personvern Generelle vilkår
Bitmynt AS
Telefon: +47 57 62 45 70
Adresse
Sørstrandvegen 6, 6906 Florø
© Bitmynt AS 2023
Org. nr.: 924 017 139 MVA