• Bitmynt-logo
  • Kurs   Sel for [hentar] Kjøper for [hentar]
  • EN globus
  • Kontrollpanel / Logg inn
  • Registrer deg

Autokjøp

Autokjøp er ei teneste der Bitmynt kjøper alle BTC du overfører til oss til vår gjeldande kjøpskurs.

For å setje opp ei autokjøpavtale, må du registrere ein mottakarkonto og namnet på mottakaren. Du kan ha ei spesiell melding på bankoverføringa eller ein KID på betalingar til norske bankkonti. (Nyttig om du til dømes skal overføre pengar til eit kredittkort.) Vi vil generere ei bitcoin-adresse til denne autokjøp-avtala. Dersom mottakarkontoen ikkje er din eigen, kan vi be deg om å oppgje føremålet med avtala og kor mykje du har tenkt å selje for til den mottakaren.

I det vår node oppdagar ein transaksjon til adressa, vil han registrere gjeldande kjøpskurs saman med informasjon om transaksjonen. For dei fleste lommebøker vil det seie at du får kursen innan eit par sekund etter at du har sendt, uavhengig av tida det tek å stadfeste transaksjonen på blokkjeden. Når transaksjonen er stadfesta, vil vil overføre pengane til den bankkontoen som er registrert på adressa. Vanlegvis vil overføringa verte gjennomført ved første høve. For større beløp og i tilfelle der vi må gjennomføre meir grundige antikvitvask-undersøkingar, kan det ta litt lenger tid.

Når vi mottek ein transaksjon, generererer vi ei ny adresse for avtala. Det går fint å sende til gamle adresser. Alle gamle adresser vil framleis fungere, men det er betre for ditt personvern å bruke ei ny adresse kvar gong.

Erstatninging av transaksjonar

Ver god og bruk høg nok transaksjonsavgift til at transaksjonen vert stadfesta før du treng pengane.

Dersom du erstattar ein transaksjon med ein som betaler høgare avgift for å få han stadfesta raskare, brukar vi berre kursen på tidspunktet den nye transaksjonen kjem inn dersom han er lågare enn kursen på tidspunktet for den originale transaksonen. Det er for å unngå misbruk av tenesta ved å erstatte ein transaksjon dersom prisen går opp og halde han på ei låg avgift dersom kursen går ned.

Vi kan framskunde stadfesting av ein transaksjon med andre midlar. Kontakt oss dersom transaksjonen din ikkje har vorte stadfesta etter ei veke og du treng pengane raskare.

Avgifter og grenser

  • Vi har ingen avgifter for transaksjonar over 1000 NOK.
  • For transaksjonar med verdi under 1000 NOK, vil vi trekkje frå 4,50 NOK for å dekkje vårt bankgebyr.
  • For å kompensere for støv-åtak, dvs transaksjonar der verdien er mykje lågare enn våre kostnadar med å handtere transaksjonen, reknar vi transaksjonar på under 20 NOK som gåver. Dei vert ikkje betalt ut.
  • Vi kan dele opp transaksjonar på over 2.000.000 NOK i fleire bankoverføringar.

Endring av mottakar

For din tryggleik er det ikkje mogeleg å endre mottakarkonto for autokjøp-avtaler. Dersom du får ny bankkonto, må du lage ei ny avtale for den nye kontoen og deaktivere den gamle avtala dersom den tilknytte bankkontoen er stengd.

Avslutning

Du kan deaktivere ei autokjøpavtale når som helst. Det tyder at adressa vil verte usynleg og betalingar vil ikkje lenger verte sendt automatisk. Dersom du sender BTC til ei adresse knytt til ei deaktivert autokjøp-avtale, vil vi prøve å kontakte deg ein gong om betalinga. Etter fem år er vi pålagt å slette all informasjon om avtala. Eventuelle overføringar til deaktiverte adresser eldre enn fem år vert rekna som gåver.

Dekativerte autokjøp-adresser kan reaktiverast innan fem år etter deaktivering.

Personvern

For autokjøp-avtaler lagrar vi fylgjande informasjon, og er pålagde å ta vare på informasjonen i 5 år etter avvikling av brukarkontoen din:

  • All informasjon du oppgjev relatert til autokjøp-avtala.
  • Alle adresser vi genererer til autokjøp-avtala.
  • Adresse, transaksjonsID, tidsstempel, mengde BTC og pris for kvar transaksjon til ei av adressene relatert til avtala.
  • Detaljert logg over undersøkingar av eventuelle mistenkjelege transaksjonar og eventuell rapportering.
  • Detaljar om alle bankoverføringar knytt til autokjøp-avtala.

Vi har ikkje lov til å slette noko av informasjonen før 5 år etter at den gjeldande transaksjonen vart gjennomført, og kan lagre informasjon relatert til undersøkingar av mistenkjelege transaksjonar i opp til 10 år. Vi vil slette informasjon so snart vi får lov til det. Merk at informasjon som ligg lagra på blokkjeden ikkje kan slettast, men vert anonymisert frå vår side med sletting av alle våre referansar til transaksjonane. Det er ulovleg å avsløre informasjon om undersøkingar av mistenkjelege transaksjonar til kundar. All annan informasjon vil vere synleg for deg når du er innlogga på nettisidene.

Om oss Nyhende Korleis fungerer det Personvern Generelle vilkår
Bitmynt AS
Telefon: +47 57 62 45 70
Adresse
Sørstrandvegen 6, 6906 Florø
© Bitmynt AS 2023
Org. nr.: 924 017 139 MVA