• Bitmynt-logo
  • Kurs   Sel for [hentar] Kjøper for [hentar]
  • EN globus
  • Kontrollpanel
  • Logg inn
  • Logg ut
  • Registrer deg

Personvernfråsegn for Bitmynt AS

Innleiing

Bitmynt AS er pålagd ved lov å ta vare på ein del opplysningar om deg. Denne fråsegna skildrar kven som er ansvarleg for dataene dine, og kva vi tillèt oss å gjere med dataene dine.

Ansvarleg

Bitmynt AS (org. nr. 924017139) er ansvarleg for handsaming av dei personopplysningane vi samlar inn. Kontaktadresse er:

Bitmynt AS
Sørstrandvegen 6
6906 FLORØ

Kontaktperson: Sturle Sunde
Epost: [email protected]

Dersom du har spørsmål om eigne personopplysningar og korleis vi handterer dei, eller ynskjer å få retta opplysningar vi har lagra om deg, kan du kontakte oss på adressene over.

Innsamlingsgrunnlag og føremål

Bitmynt AS samlar inn informasjon om deg som vi er pålagd ved lov eller forskrift, eller som du frivilleg oppgjev til oss når du til dømes søkjer jobb hjå oss. Vi er svært opptekne av personvern og samlar difor ikkje inn informasjon til andre føremål, som marknadsføring. Vi vil heller ikkje dele nokon opplysningar med andre, med mindre det er pålagt ved lov eller forskrift.

Informasjon vi er pålagd å samle inn frå kundar og personar som handlar på vegner av kundar, er:

  • Identifikasjonsdata som kan innehalde namn, adresse og fødselsnummer eller D-nummer, fødselsdato, fødestad, kjønn og statsborgarskap, jf. kvitvaskingslova §§ 12 og 13.
  • Epostadresser og telefonnummer som vi kan kontakte deg på dersom vi har viktig informasjon om transaksjonar eller om kundeforholdet ditt eller må oppdatere kundeopplysningar. Vi kan òg ta kontakt for å førebyggje svindel.
  • Informasjon om yrke, familieforhold og andre relasjonar som er relevante etter kvitvaskingslova §§ 9, 14, 16, 17, 18 eller 25.
  • Informasjon om føremålet med kundeforholdet, planlagt og faktisk handelsmønster, kommunikasjon mellom oss og offentleg informasjon om deg som vi etter ei risikovurdering reknar som naudsynt for å kunne vurdere risikoen for transaksjonar som involverer kvitvasking av pengar eller terrorfinansiering, jf. kvitvaskingslova § 12.
  • Informasjon om overføringar til og frå oss, til dømes bitcoin-adresser og all informasjon som fylgjer med bankoverføringar, jf. kvitvaskingslova og krav til rekneskap og revisjon.
  • Innloggingsinformasjon som vi treng for å kjenne deg att.
  • Eventuelle konfigurasjonsinnstillingar som du har gjort for å gje deg ei tilpassa brukaroppleving eller frivillege ekstratenester.

Sikring av personopplysningar

Vi har gjort alt vi kan for at dine data skal vere trygge hjå oss. Personopplysningar vil berre finnast i klårtekst i nettlesaren din og på den sikre tenaren vår.

På den sikre tenaren lagrar vi både personopplysningane dine og bitcoina våre. Dei er like sikre. Dersom bitcoina våre skulle forsvinne eller vi har andre indikasjonar på at ein tredjepart har klart å få tak i personinformasjon vi har lagra om deg, vil vi kontakte deg.

Tilgang til personopplysningar internt i Bitmynt AS

Tilsette har berre tilgang til personopplysningar dei har behov for å sjå i den stillinga dei har. Dersom du snakkar med ein medarbeidar, er det difor ikkje sikkert at vedkommande kan sjå all informasjon vi har om deg.

Utlevering og bruk av personopplysningar

Vi deler ikkje personopplysningar med nokon, med mindre det er pålagt ved lov eller forskrift. Ved normal bruk av nettsidene våre vil ingen komponentar lastast frå tredjepartar, og ingen tredjepartar skal kunne setje informasjonskapslar eller anna som indikerer at du har gjesta sidene våre.

Du vil få utlevert all informasjon du ynskjer om deg sjølv, innanfor dei avgrensingane som er sette i kvitvaskingslova § 32. (Forbod mot å utlevere informasjon som er innsamla i samband med undersøking og eventuell rapportering av mistenkjelege transaksjonar.)

Situasjonar der lova krev at vi deler informasjon med andre, kan vere rapport til Økokrim om mistenkjeleg transaksjon eller pålegg om utlevering av informasjon som vedgår ei spesifikk sak frå politiet. Skatteetaten har òg vide fullmakter til å krevje informasjon utlevert. Finanstilsynet kan kome på tilsyn og krevje å få sjå all dokumentasjonen for å sjekke at Bitmynt AS fylgjer alle rutiner.

Tredjepartar vil ikkje få utlevert personopplysningar av oss utan at dei anten har ein klår lovheimel, eller at du ber oss om å utlevere spesifikk informasjon til ein spesifikk tredjepart, til dømes dersom du ber oss sende opplysningar om transaksjonar til Skatteetaten for automatisk utfylling av sjølvmelding.

Vi vil ikkje bruke personopplysningar eller kontaktinformasjon til marknadsføring, eller utlevere informasjon til andre som driv med marknadsføring, med mindre du oppgjev informasjonen spesifikt for å få nyhende frå oss, til dømes dersom du ber om å verte informert via epost når vi lanserer ei ny teneste.

Bruk av kontaktinformasjon

Vi kan bruke kontaktinformasjon til å informere deg om viktige endringar av tenestene våre, som nedlegging av ei teneste du brukar, eller endringar av bruksvilkår eller personvernfråsegna. Vi vil òg kontake deg dersom vi har grunn til å tru at uvedkommande kan ha skaffa seg tilgang til dine personopplysningar, for å oppdatere kundeopplysningar for å stette krava i kvitvaskingslova om at dei skal haldast oppdatert, eller dersom vi treng meir informasjon om ein spesifikk transaksjon.

Informasjonskapslar

Nettsidene våre set ein informasjonskapsel i nettlesaren for å identifisere deg som innlogga brukar. Denne vert ikkje delt med andre og vert ikkje brukt til å spore deg. Han vert sletta ved utlogging. I tillegg lagrar nettlesaren noko informasjon lokalt for at nettsidene skal fungere raskare. Vi lastar ingen komponentar frå tredjepartar. Vi vil ikkje bruke annonsenettverk som sporar kundar, vi har ingen sporingslenkjer i epost sendt til deg, og vi er forsiktige med sosiale nettverk som sporar deg og sel informasjon om deg.

Retting og sletting

Lova krev at Bitmynt AS lagrar identifikasjonsdokumentasjon i fem år etter vår siste transaksjon. Dersom du identifiserer deg for å inngå eit kundeforhold, men ikkje utfører nokon transaksjonar, slettar vi informasjonen etter fem år, eller du kan be oss om å slette informasjonen tidlegare.

Endring av denne personvernfråsegna

Vi kontaktar deg dersom vi gjer endringar av denne fråsegna som tillèt oss å bruke personopplysningane dine på nye måtar. Då kan du måtte godkjenne nye vilkår for å halde fram med å bruke tenestene våre. Vi informerer ikkje om reint språklege endringar eller innskrenking av vår bruk av personopplysningane dine.

Om oss Nyhende Korleis fungerer det Personvern Generelle vilkår
Bitmynt AS
Telefon: +47 57 62 45 70
Adresse
Sørstrandvegen 6, 6906 Florø
© Bitmynt AS 2023
Org. nr.: 924 017 139 MVA