Korleis fungerer det?

  1. Logg inn / Registrer.
  2. Vi er nøydde til å kjenne kundane våre på grunn av krav i kvitvaskingslova. Det kan difor ta litt tid frå du har registrert deg til du kan handle. Vi beklagar dette. Personopplysningane dine er lagra på ein like sikker måte som bitcoina våre.
  3. Du kan no kjøpe eller selje.
  4. For å kjøpe må du oppgje ei bitcoin-adresse, og kor mykje bitcoin du ønskjer å kjøpe. Vi vil gje deg det beste tilbodet vi kan. Når tilbodet er akseptert, kjem du til å få betalingsinstruksjonar, og vi vil overføre bitcoin så snart pengane er på bankkontoen vår. (Eller det kan vere ei forseinking på opp mot tre dagar på grunn av prosedyrar mot kvitvasking og terrorfinansiering.)
  5. For å selje (enkel versjon) må du oppgje ein bankkonto som skal ta imot pengane og eventuelt KID eller ei melding som skal brukast til bankoverføringa. (Ja, dette betyr at du kan betale skatt eller kredittkortrekninga med bitcoin!) Vi gir deg ei bitcoin-adresse du kan overføre bitcoina til. Du får valutakursen når bitcoina kjem til den adressa. Kvar gong du sender til ei adresse, vert det oppretta ei ny adresse for same konto. Vi vil overføre pengane til den oppgitte kontoen så snart transaksjonen har vorte stadfesta seks gonger. (Eller det kan vere ei forseinking på grunn av prosedyrar mot kvitvasking og terrorfinansiering.)
  6. Du kan bruke bitcoin for å betale andre rekningar òg. Bruk avansert sal. Du vil då få fleire alternativ, og kan selje eit eksakt beløp i NOK om du vil. Avhenging av forhold i marknaden kan vekslingskursen vere litt dårlegare for å ta høgde for opsjonalitet.

Kom i gang.

Logg inn Registrer deg