Om - Bitmynt

Sturle Sunde

Bitmynt

Bitmynt starta som ei enkel vekslingsteneste driven av ein person i 2010. Vi har berre veksla bitcoin, ikkje alskens «krypto». Vi tek ikkje vare på bitcoin eller norske kroner for kundar heller. Vi meiner at du berre faktisk eig bitcoin dersom du har dei private nøklane sjølv. Elles er det andre som bestemmer når du får tak i pengane dine. Vi har heller ikkje lagt opp til kortsiktig spekulasjon med raske kjøp og sal, men fokuserer på dei som tenkjer på langsiktig sparing og på bruk av bitcoin som betalingsmiddel. Vi skal byggje dei tenestene som trengst for at du skal kunne klare deg utan norsk bankkonto og erstatte dine norske kroner med bitcoin.

Sidan starten i 2010 har vi prøvd å vere den beste vekslingstenesta i Noreg, samstundes som vi alltid har vore ærlege og stått ved prinsippa våre. Vi har aldri prøvd å lure nokon til å kjøpe eller selje. Du får ingen premie av oss for å handle meir enn du treng, eller for å verve andre. Vi åtvarar kundar som vi trur er i ferd med å verte svindla, sidan det siste vi ynskjer, er å hjelpe svindlarar. Vi trur ikkje på sentralisering eller «krypto». Vi trur sterkt på personvern og gjer vårt beste for å aldri dele meir informasjon om kundane våre enn det lova krev av oss. Vi låser ingen inn, men prøver istaden å hjelpe konkurrerande tenester i gang. Du kan til og med leige denne handelsplattforma dersom du ynskjer å starte ei tilsvarande teneste i eit anna land! Fleire konkurrentar gjer bitcoin meir robust og utfordrar oss til å byggje endå betre tenester, og vi trur på bitcoin!

Kva er bitcoin?

Bitcoin er ein virtuell valuta som ikkje eksisterer som fysiske setlar eller mynt. Valutaen er fullstendig desentralisert. Han er ikkje avhengig av nokon sentralbank eller sentral utferdar. Nye pengar vert fordelt rettvist etter prov på arbeid, ikkje som premie for å ha pengar frå før eller i form av kreditt (lån). I El Salvador har bitcoin vore offisiell valuta (tvinga betalingsmiddel) sidan 2021, men landet kontrollerer ikkje noko aspekt med korleis bitcoin fungerer, eller med vekslingskursen. Alle dei viktigaste eigenskapane til bitcoin vart sett i stein då Satoshi Nakamoto sleppte kjeldekoden og starta blokkjeden i 2009. Ingen sentralbank kan endre dei, til dømes ved å auke pengemengda eller gje seg sjølv meir pengar på andre måtar.

Kom i gang.

Logg inn Registrer deg