FAQ

Bør eg investere alle sparepengane mine i Bitcoin?

NEI, det bør du ikkje. Du må aldri investere meir enn du har råd til å tape, anten det er aksjar eller bitcoin. Exchange rateen varierer mykje. Dersom du mistar nattesømn av det, bør du heller la pengane stå i banken.

Exchange rateen går opp og ned heile tida. Er det lurt å kjøpe no?

Dersom eg kunne svare på det hadde eg ikkje skrive det her. Då hadde eg vore multimilliardær og kost meg på stranda på den private øya mi i Karibia. Du må vurdere sjølv om det er lurt å kjøpe eller selje.

Kva bitcoin-klient/lommebok bør eg bruke?

Det er heilt opp til utstyret du brukar. Den mest komplette til vanleg bruk er Bitcoin Core. Den krev ei nokonlunde rask maskin med rask disk og brukbart raskt nett. For lettare utstyr og enkel bruk er Electrum eit godt alternativ. Spesielt interesserte kan installere Armory, men merk at den krev minimum 16 GiB RAM og er tung i drift.

Ynskjer du ein app til mobiltelefon eller nettbrett, eller ei web-basert lommebok, er Green Address eit godt alternativ. Denne finst som app for Android, iPhone og Chrome. Sjå oversikta på bitcoin.org for fleire alternativ, m.a. fleire appar til smarttelefonar og nettbrett.

Korleis sikrar eg lommeboka mi?

Dersom du har meir pengar i bitcoin-lommeboka enn du er komfortabel med å ha i lomma, bør du kryptere lommeboka. Skriv ned passordet på ein lapp og ta godt vare på lappen. Legg han på ein trygg stad. Du kjem til å gløyme passordet. Det andre du skal gjere, og det gjeld alltid, er å ta backup av lommeboka. I menyen er det gjerne "export wallet" eller liknande. Nyare lommebøker gjev deg som regel tolv ord som du må skrive ned. Pass på å lagre backupen fysisk ein annan stad enn der du har lommeboka. Ver forsiktig med å la for mykje liggje på reine web-baserte lommebøker, børsar og liknande. Anonyme framande er ikkje alltid dei beste til å ta vare på pengane dine.