Velkommen til Bitmynt AS
Verksemda er flytta frå det gamle enkeltpersonsføretaket mitt, Sunde
bitmynthandel, til Bitmynt AS. Planen vår er å utvide med nye tenester slik
at alle kan leve av ein bitcoin-only-økonomi i Noreg utan bankkonto. Ei
bitcoinlommebok og eit kredittkort vil vere nok. Seinare håpar vi å kunne
gje ut dette kredittkortet også.
Sidan vilkåra for personvern for Sunde bitmynthandel er veldig klåre på at
eg ikkje deler personleg informasjon med nokon, og Finanstilsynet seier
klårt ifrå om at Sunde bitmynthandel ikkje kan identifisere kundar for
Bitmynt AS, må alle kundar registrere seg på nytt. Vi beklagar dette, men vi
får diverre ikkje gjort noko med det.
Bitmynt er framleis fokusert på personvern. Vi ynskjer ikkje å fortelje
BankID, Vipps eller nokon andre kven kundane våre er. På grunn av dette, og
for å redusere risikoen for svindel, kan du ikkje registrere deg med BankID
(som krev at du har eit kundeforhold til ein bank). Vi gjer mykje manuelt
arbeid sjølve for å unngå å dele informasjon med tredjepartsleverandørar som
ikkje treng å vite at du eig bitcoin.
Sidan vi ikkje aksepterer BankID, treng vi eit bilete av gyldig ID (pass,
nasjonalt ID-kort eller eit norsk førarkort), og vi må identifisere deg som
eigar av ID. Det er to alternativ å velje mellom når du registrerer deg.
Vi arbeider framleis med nye brukarregistreringar med von om å vere ferdige
med alle innan eit par veker. Alle som har registrert seg vil få (eller har
fått) ein epost frå oss med detaljar om korleis du kjem i gong. Dersom du
vil verte ein del av gjengen, trykk "Registrer" oppe til høgre.