Nye sider
Her er det førebels ganske tomt, men frå nyttår kjem bitmynt.no til å sjå om lag slik ut, og du kan handle her!
Vi flyttar handelen frå mitt gamle ENK Sunde bitmynthandel til Bitmynt AS, og i samband med det vert det nye sider og fleire tenester. For å unngå misforståingar er det førebels berre mogeleg å registrere brukarar på dei nye sidene. Handel må vente til etter nyttår. Då lanserer vi funksjonaliteten litt etter litt. Når vi er i mål, kan du klare deg utan bankkonto i Noreg. Ei bitcoin-lommebok og eit kredittkort er nok. Med tida vonar vi at du kan sleppe kredittkortet òg.
Sidan personvernvilkåra til Sunde bitmynthandel seier veldig klårt at eg ikkje kjem til å dele personinformasjon med nokon andre, og Finanstilsynet er veldig klåre på at Sunde bitmynthandel ikkje kan utføre kundetiltak på vegner av Bitmynt AS, må alle kundar registrere seg og identifisere seg på nytt. Vi vonar at vi ikkje mistar nokon kundar av den grunn.
Bitmynt er framleis sterkt fokusert på personvern. Vi ynskjer ikkje å fortelje BankID, Vipps eller andre kven som er kundar her. Difor, og for å redusere risikoen for svindel med stolen BankID, kan du ikkje registrere deg med BankID. Vi gjer ein heil del arbeid manuelt for å unngå å måtte dele informasjon med tredjepartar som ikkje treng å vite at du har bitcoin.
Sidan vi ikkje aksepterer BankID, må vi ha bilete av godkjend ID (gyldig pass, nasjonalt ID-kort eller førarkort) i tillegg til at vi må identifisere deg som eigar av den ID-en. Det gjer vi helst med Nets Passport Reader, men du kan òg identifisere deg gjennom videosamtale med oss. Det vel du under registreringa.
Vi vonar du registrerer deg snarast for å unngå kø over nyttår. Trykk på "Registrer deg" oppe til høgre.
God jul og godt nytt år!