Bitmynt
Bitmynt starta som ei enkel vekslingsteneste drive av ein person i
2010. Vi har berre veksla bitcoin, ikkje alskens "krypto". Vi tek
ikkje vare på bitcoin eller norske kroner for kundar heller. Vi meiner
at du berre faktisk eig bitcoin dersom du har dei private nøklane
sjølv. Elles er det andre som bestemmer når du får tak i pengane dine.
Vi har heller ikkje lagt opp til kortsiktig spekulasjon med raske kjøp
og sal, men fokuserer på dei som tenkjer langsiktig sparing og på bruk
av bitcoin som betalingsmiddel. Vi skal byggje dei tenestene som
trengst for at du skal kunne klare deg utan norsk bankkonto og erstatte
dine norske kroner med bitcoin.
Sidan starten i 2010 har vi prøvd å vere den beste vekslingstenesta i
Noreg, samstundes som vi alltid har vore ærlege og stått ved prinsippa
våre. Vi har aldri prøvd å lure nokon til å kjøpe eller selje. Du får
ingen premie av oss for å handle meir enn du treng eller for å verve
andre. Vi åtvarar kundar som vi trur er i ferd med å verte svindla,
sidan det siste vi ynskjer er å hjelpe svindlarar. Vi trur ikkje på
sentralisering eller "krypto". Vi trur sterkt på personvern og gjer
vårt beste til å aldri dele meir informasjon om kundane våre enn det
lova krev av oss. Vi låser ingen inn, men prøver i staden å hjelpe
konkurrerande tenester i gang. Du kan til og med leige denne
handelsplattforma dersom du ynskjer å starte ei tilsvarande teneste i
eit anna land! Fleire konkurrentar gjer bitcoin meir robust og
utfordrar oss til å byggje endå betre tenester, og vi trur på bitcoin!
Basert i Florø
Bitmynt held til i enkle lokale i Florø, den vestlegaste byen i landet.
Byen vart grunnlagt i 1860. Reiser du rett vest herifrå, passerer du ei
rekkje olje- og gassplattformer og rett nord av Shetland før du treff
land på Færøyane. Vi er på ei øy (landfast med bruer) uti Nordsjøen der
Golfstraumen sikrar mildt klima heile året.
Kva er bitcoin?
Bitcoin er ein virtuell valuta som ikkje eksisterer som fysiske setlar
eller mynt. Valutaen er fullstendig desentralisert. Han er ikkje
avhengig av nokon sentralbank eller sentral utferdar. Nye pengar vert
fordelt rettvist etter prov på arbeid, ikkje som premie for å ha pengar
frå før eller i form av kreditt (lån). I El Salvador har bitcoin vore
offisiell valuta (tvinga betalingsmiddel) sidan 2021, men landet
kontrollerer ikkje noko aspekt med korleis bitcoin fungerer, eller med
vekslingskursen. Alle dei viktigaste eigenskapane med bitcoin vart sett
i stein då Satoshi Nakamoto sleppte kjeldekoden og starta blokkjeden i
2009. Ingen sentralbank kan endre dei, til dømes ved å auke pengemengda
eller gje seg sjølv meir pengar på andre måtar.